Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Kva er eit balansert kosthald?

Kva slags mat treng vi?

 

1.18 What is a balanced diet NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

La elevane diskutere kva dei meiner er forskjellen mellom eit kosthald og eit balansert kosthald. Be dei finne eksempel på balansert kosthald på Internett. Be dei presisere kva som må vere med i eit balansert kosthald og om det er noko som ikkje treng vere med. Be dei undersøke ingredienslista på ei matvare og sjekke informasjonen om dei matvaregruppene ho inneheld. Spør: Kva seier det deg om kor mykje av kvar matvaregruppe ein vaksen bør ete? Korleis ser du for deg at kosthaldet til ein profesjonell idrettsutøvar skil seg frå kosthaldet til folk flest?

Be elevane gå gjennom nokre foreslåtte kosthaldsdiettar og vurdere om dei gir eller ikkje gir eit balansert kosthald. 

Faglig forklaring

Kosthaldsdiettar handlar ikkje berre om å gå ned i vekt. Kosthald betyr utvalget av mat som ein vanlegvis et. Dette kan vere avhengig av faktorar som alder, livsstil, helsebehov, religion og personlege preferansar. Det finst seks hovudgrupper av stoff vi treng: karbohydrat, feitt, protein, fiber, vitamin og mineral. Eit balansert kosthald gir riktig mengde av kvar av desse seks gruppene for at ein held seg frisk og har ein stabil kroppsvekt. Vi treng ulike mengder av kvar av desse gruppene. For eksempel er det nødvendig med ei lita mengde salt (mineral), men for mykje er skadeleg. Feitt er også nødvendig i kosthaldet, men for mykje er ikkje tilrådeleg. Sukker er eit karbohydrat, og sjølv om det ikkje er nødvendig i kosthaldet vårt, er det ikkje noko problem med ei lita mengde. Idrettsutøvarar eller andre som er veldig fysisk aktive treng mykje karbohydrat i kosthaldet. Dei får vanlegvis dette gjennom å ete mat som inneheld stivelse. Vi treng berre ei lita mengde vitamin og mineral i kosthaldet. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Kropp og helse
      • forklare hvordan egen livsstil kan påvirke helsen, herunder slanking og spiseforstyrrelser, sammenligne informasjon fra ulike kilder, og diskutere hvordan helseskader kan forebygges
  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Ernæring og helse
      • beskrive de viktigste energigivende næringsstoffene, deres kjemiske kjennetegn og begrunne hvorfor de er viktige for kroppen
      • gi eksempler på vitaminer, mineraler og sporstoffer kroppen trenger, og hvordan man kan sikre variert kosthold
      • drøfte spørsmål knyttet til slanking, spiseforstyrrelser og trening, og til hvordan livsstil påvirker helsen
  • Etter Vg1 - yrkesfaglige utdanningsprogram
    • Ernæring og helse
      • beskrive de viktigste energigivende næringsstoffene, deres kjemiske kjennetegn og begrunne hvorfor de er viktige for kroppen
      • gi eksempler på vitaminer, mineraler og sporstoffer kroppen trenger, og hvordan man kan sikre variert kosthold
      • drøfte spørsmål knyttet til slanking, spiseforstyrrelser og trening, og til hvordan livsstil påvirker helsen

Læreplan i biologi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Biologi 1
    • Fysiologien til mennesket
      • gjere greie for oppbygginga av og funksjonen til sentrale organsystem i kroppen, og drøfte årsaker til sjukdommar som har samanheng med livsstil

Læringsressurs

Læremiddel