Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Celler og atom

Har atom noko med celler å gjere? Begge delar er små, men elevar kan vere forvirra på korleis dei to omgrepa heng saman.

 

Celler og atom

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål natron

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

La elevane sjå på planteceller i mikroskop. Raudlauk passar godt for eit cellepreparat: Dra av eit tynt lag av lauken, kutt av ein bit og legg han på eit objektsglas. Ta på ei vassdråpe og legg eit dekkglas over. Spør: Kva ser de i mikroskopet? Teikn eit utsnitt av det de ser. 

La elevana diskutere to og to kva dei veit om oppbygninga til planteceller og korleis dei fungerer. 

Be elevane om å berekne kor store plantecellene er ut frå forstørringa dei har brukt. Be dei lage ein skala frå 1 meter, 0,1 meter, 0,01 meter og så vidare til 0,000000001 meter og plotte inn atom, celler og andre små objekt i skalaen.

Internettoppgåve: Kan de finne ut kven som først oppdaga celler ved å bruke eit mikroskop?

Faglig forklaring

Levande organismar består av celler. Det finst ulike celletypar med ulike funksjonar. Celler er som små byggeklossar som til saman dannar vev. Fleire ulike vev dannar organ som hjarte eller auge i dyr. Blad, stengel og rot er organ i planter. Celler består av ulike delar som igjen består av protein, lipid (fett), karbohydrat og vatn. Protein, lipid og karbohydrat er samansette molekyl som levande organismar har sett saman av enkle atom som karbon-, nitrogen- hydrogen- og oksygenatom. Sjølv eit enkelt protein består av tusenvis av atom, og ei celle består av tusenvis av protein. Vi kan sjå celler med eit lysmikroskop, men ikkje atom. 

Det var engelske Robert Hooke som i 1665 oppdaga at kork var sett saman av små kamre, som han kalla celler. Ordet celle kjem frå latin og betyr eit lite rom, jf. klostercelle, fengselscelle.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • beskrive oppbygningen av dyre- og planteceller og forklare hovedtrekkene i fotosyntese og celleånding

Læreplan i biologi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Biologi 1
    • Cellebiologi
      • gjere greie for oppbygginga av eukaryote celler og forklare kva for funksjonar ulike delar i cellene har

Materialer og utstyr

raudlauk
objektsglas
dekkglas
skalpell eller kniv
vatn
lysmikroskop

Læringsressurs