Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10

Tjukkare leidningar

Vil pæra i ein krins lyse sterkare dersom leidningane er tjukkare? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Tykkere ledninger

Faglig forklaring

Det verkar rimeleg å tenkje seg at det kan gå meir straum gjennom tykkje leidningar enn gjennom tynne leidningar og at pæra dermed vil lyse sterkare. Tynnare leidningar gir større resistans. Men i praksis vil vi ikkje kunne observere endringar i lysstyrken, fordi det er resistansen i pæra som er avgjerande for den totale resistansen i krinsen. Ved ei gitt spenning vil derfor den totale resistansen hovudsakleg vere gitt av resistansen til glødetråden i pæra. Lysstyrken til lampen vil i prinsippet lyse noko betre, men vi kan ikkje observere det.

 

Kommentarer/praktiske tips

Situasjonen kan undersøkjast ved å kople saman ein enkel lukka krins av eit batteri og ei pære der leidningane har ulik tjukkleik. Då vil elevane kanskje finne ut at pæra lyser noko svakare dersom leidningane er svært tynne. I dette tilfellet er resistansen i leidningane merkbar slik at lampa lyser svakare, mens tjukkare leidningar har så liten resistans at det i praksis er glødetråden i pæra som representerer resistansen i krinsen. Forsøket kan hjelpe til å klargjere omgrepet resistans og kva som fastset straumen i ein krins.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Teknologi (KE68)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • utforske, forstå og lage teknologiske systemer som består av en sender og en mottaker (KM836)
      • gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)

Læringsressurs