naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
Korleis kan vi observere vind?
Målet med økta er å observere vind og samanlikne observasjonane med kva som kjenneteiknar ulike vindstyrkar.
Førebuing
Denne økta passer når det bles litt ute (minst svak vind eller bris), så følj med på vêrmeldinga på førehand. Set deg inn i kjenneteikn ein kan observere ved ulike vindstyrkar (sjå tabell under). Lag éin vindmålar til kvart elevpar slik: Klipp silkepapir i remser, og bruk teip til å feste éi papirremse på den eine enden av ein blomsterpinne.
Til etterarbeidet, gjer klar store ark, for eksempel A3-ark (eitt ark per fire elevar), og teiknesaker.
Les gjennom presentasjonen som skal brukes i etterarbeidet:
Ute, 30 min
Samle elevane i ein halvsirkel rundt deg og sei at dei i denne økta skal observere kjenneteikn på vind. Å observere betyr å bruke sansane til å finne ut meir om noko. Når vi observerer kjenneteikn på vind kan vi for eksempel sjå om eit flagg vaiar, vi kan høyre vinden ule, vi kan kjenne vinden som bles mot huda. Sei at elevane skal jobbe i par og samle så mange observasjonar dei kan av vind. Fortel elevane kva som er stadavgrensinga for aktiviteten, og la dei bruke nokre minutt på å samle observasjonar før de summerer opp i fellesskap.
Del ut vindmålar til kvart elevpar. Be elevane diskutere og prøve ut to og to kva vi kan finne ut om vinden ved å bruke vindmålaren. Summer opp. [Retninga og styrken til vinden.] Be elevane bruke nokon minutt til å finne ut om det bles like mye over alt (i skulegarden). Samle elevane og summer opp med at dei no har øvd på å finne kjenneteikn på vind og på ulike vindstyrkar, og at dei no skal jobbe vidare med dette inne.
Etterarbeid, 30 min
La elevane jobbe i grupper på fire (slå saman to og to par). Del ut eit stort ark per gruppe, og sei at dei no skal lage ei felles teikning av noko av det dei observerte ute. Teikninga kan godt bestå av fleire ulike element. Kvar gruppe skal no forklare kva dei har teikna, og kva dette har med vind og vindstyrke å gjere.
Bruk PowerPoint-presentasjonen. Fortel elevane at ulike styrkar av vind har forskjellige namn, og at vi no skal bruke kjenneteikn til å prøve å finne ut kva vindstyrke er i dag. Les opp kjenneteiknet på storm, og spør elevane om dei trur at det er storm i dag. Be dei grunngje svara sine. Fortsett med kjenneteikna på dei andre vindstyrkane. For kvar vindstyrke lar du elevane tenke og diskutere om dette kan vere vindstyrken vi har i dag.
Fortel at vinden blir målt over heile landet med meir presise måleinstrument enn det vi brukte i dag, og at vi kan sjekke kva som er målt i nærleiken. Bruk yr.no til å vise dei målingane som er gjort på den nærmaste vêrstasjonen. Fortel også at vind kan variere veldig, og at han blir påverka av fjell, bygningar og andre ting som vinden møter på sin veg.
Avslutt med å seie at vi no har jobba med på kva måte vi kan observere vind. Spør elevane: Kva fann vi ut? Summer opp det de fann ut i løpet av økta.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
2. trinn
- planlegge og gjennomføre undersøkelser av vær og himmelfenomener og sammenligne målinger, observasjoner og værtegn gjennom året (KM789)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
- Å kunne lese (GF3)