Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Klimasmart mat

Aktiviteten er henta og tilpassa frå undervisningsopplegget Klimaendringer på viten.no.

Foto: pixabay.com Foto: pixabay.com Del ut bilda av ulike matvarer til elevpar eller -grupper. Be dei diskutere kva for ei matvare som er mest klimavennleg og kva for ei som er minst klimavennleg, rangere varene frå mest til minst klimavennleg og prøve å grunngi kvifor. 

Be dei dele korleis dei har rangert.

Gi elevane informasjon om CO2-utslipp frå mat:

  • Grønsaker dyrka utandørs gir lågast klimagassutslepp.
  • Frukt dyrka utandørs, korn, bønner og nøtter gir også lite klimagassutslepp.
  • Verre er det med grønsaker og frukt dyrka i drivhus som i dag stort sett blir varma opp av fossile energikjelder. Dersom vi går over til oppvarming med fornybar energi, går utsleppa ned.
  • Kjøtt som storfe, gris og kylling gir store klimagassutslepp. Det er fordi dyr lever av planter, og det er stort energitap mellom kvart ledd i næringskjeda. Storfe gir ekstra høge utslepp av klimagassar fordi dei et mykje mat før dei blir klare for slakting.
  • Kor langt vara er transportert, og på kva måte, har innverknad på kor klimavennleg ho er.

Be elevane vurdere om informasjonen gjer at dei vil rangere bilda annleis. 

Spør om det er noko dei treng meir informasjon om for å vere sikre på at dei har rangert riktig, og be dei i så fall komme med forslag til korleis de kan finne ut av dette.

Anerkjenn at det er mange ting som innverkar på kor klimavennleg ei matvare er, og at det å velje klimavennleg derfor kan vere utfordrande. Summer opp med at dersom ein vil velje klimavennleg er det uansett lurt å velje matvarer som er kortreiste, som er dyrka utandørs eller i drivhus som blir varma opp av fornybare energikjelder og som ikkje inneber store energitap. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • gjøre rede for betydningen av biologisk mangfold og gjennomføre tiltak for å bevare det biologiske mangfoldet i nærmiljøet (KM830)
    • 10. trinn
      • beskrive drivhuseffekten og gjøre rede for faktorer som kan forårsake globale klimaendringer (KM840)
      • utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)
      • gi eksempler på og drøfte aktuelle dilemmaer knyttet til utnyttelse av naturressurser og tap av biologisk mangfold (KM810)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Tverrfaglige temaer

  • Bærekraftig utvikling (TT3)