Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Tidsbruk
  • 10–15 minutt

5A. Før lesing

Oppfrisking frå forrige økt. Hugsar de kva vi snakka om i forrige økt? Gi elevane litt tid til å tenke sjølve og la så nokre få svare. [binære tal, sampling, samplingsfrekvens]

Sei: Kva er fordelar og ulemper med internett? Bruk tenk-par-del . Del ut boka Søk dekning! og be elevane slå opp på side 10 og 11 i elevheftet: Søk dekning! Ta først ein felles runde der det kjem fram nokre eksempel på fordelar og ulemper. [vi får mykje informasjon, kan ikkje stole på informasjonen, kan lett få tak i venner, blir lada ut ...] Be elevane i par notere ned så mange fordelar og ulemper dei kjem på. 

Sei at dei skal arbeide vidare med oppgåvene i elevheftet.