Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 1-2
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1

Bruk av skjønnlitteratur

Litteratur i naturfag er ikkje berre faktabøker. Like viktig er det å fortelje den gode historia som vekker kjensler, slik at elevane kjem på innsida og får eit forhold til det som blir fortalt.

Den gode forteljinga Ill.: pixabay.com

Å lese skjønnlitteratur kan vere ein god inngang til eit nytt tema. Det finst mange bøker og forteljingar som inneheld noko naturfagleg som elevane kan lytte eller leite etter.

Som for andre tekstar er det lurt å gi eit leseoppdrag til elevane, slik at dei veit kva som er den faglege hensikta med å lese eller lytte.

Eksempel

I opplegget Vær får elevane høyre eit utdrag frå Kardemomme by om Tobias i tårnet. Mens elevane lyttar, skal dei legge merke til kva det er Tobias gjer for noko i tårnet.  

I opplegget Kroppen som system skal elevane lese om Kalle som møter mange eventyrlege figurar på vegen som fortel han kva som skjer med drua han et.