Hopp til hovedinnhold
Undervisningsopplegg
Tidsbruk
  • 45–60 min

Økt 2: Kjeldevurdering

I denne økta skal elevane vurdere tre utvalde nyheitsartiklar som alle handlar om tiltaket å svartmale eitt av rotorblada og nedste del av turbintårnet på vindmøller.

Svartmaling av vindmøller Kjeldene som er valde ut i dette tilfellet er alle nyheitsartiklar frå seriøse medium. Vi er i denne samanhengen ikkje ute etter å avdekke «fake news», men ønsker å få fram at ulike fagmiljø, institusjonar og interesseorganisasjonar har ulike roller og perspektiv og dermed gir ulike bidrag til eit kunnskapsgrunnlag for avgjerder.

Førebuing

I denne økta skal elevane først jobbe i par, og deretter i grupper på fire. Du må gjere dokumenta tilgjengeleg i plattforma de brukar, f.eks. Teams eller Google Workspace.

Vurdere truverda til kjeldene (10 min)

Elevane jobbar i grupper på fire, og innanfor gruppa kan dei gjerne jobbe i par. Elevane startar med å vurdere truverda til kjelda. Er kjelda seriøs? Kva slags type tekst er det, kva er føremålet med teksten og kven er målgruppa?

Kvar elevgruppe brukar samskrivingsdokument 1 med ein tabell som skal fyllast ut for kvar kjelde. Elevane treng å få modellert korleis vurdering av kjelder kan gjerast gjennom eksempel, derfor er tabellen ferdig utfylt for den første kjelda.

Skilje mellom faktaopplysningar og meiningar (25–35 min)

Aktørane kan også ha meningar om kva avgjerd som bør takast, men slike meiningar vil gjerne involvere verdiar og interesser i tillegg til fakta. Sjølv om dei er samde om faktaopplysningane, kan dei likevel ha motstridande meiningar og vektlegge faktaopplysningane ulikt. Vidare i oppgåva blir derfor elevane utfordra til skilje mellom faktaopplysningar og meiningar hos dei ulike aktørane.

To og to par går saman i grupper på fire og jobber med samskrivingsdokument 2. Elevane får ein ny støttestruktur i form av ein tabell der dei ulike «stemmene» i dei tre nyheitsartiklane skal systematiserast i kvar sine kolonna. For den første kjelda er kolonna utfylt for å modellere eit eksempel for elevane.

Metarefleksjon – grubleteikning (10–15 min)

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kva utsegn på teikninga han/hun er mest einig med.  La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Sei at dei må forklare kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.