Hopp til hovedinnhold
Undervisningsopplegg
Tidsbruk
  • 45–60 min

Økt 1: Informasjonssøk

I denne økta skal elevane øve på praksisen informasjonssøk når dei skal finne ut kva konsekvensar vindmøller har for fuglar og kva tiltak som finst.

Vindmøller skapar fornybar energi, men kan også ha negative konsekvensar både for menneske og natur. Det er mange omsyn som skal vegast opp mot kvarandre ved utbygging. For at oppgåven ikkje skal bli for vid, er det i dette undervisningsopplegget vald å avgrense problemstillinga til kva ulemper vindmøller har for fuglar og kva tiltak som finst.

Førebuing

Elevane skal først jobbe i par med samskrivingsdokument 1, deretter skal heile klassen jobbe felles med samskrivingsdokument 2. Du må gjere dokumenta tilgjengeleg i plattforma de brukar, f.eks. Teams eller Google Workspace.

 

Aktivere forkunnskapar (5 min)

Å bruke litt tid på å aktivere og utveksle forkunnskapar før ein begynner å søke, vil gi elevane eit betre utgangspunkt. Elevene skal derfor først bruke fem minutt på å snakke med læringspartner om kva dei veit om problemstillinga på førehand. Kvart par skriv ned nokre punkt i  samskrivingsdokument 1.

Det kan for eksempel vere at fuglar blir drepne fordi dei blir slått i hjel av rotorblada, og nokre har kanskje høyrt at det hjelper å male rotorblada svarte.

Kort oppsummering i klassen (5 min)

Nokre par deler eitt til to punkt.

Legge ein strategi (5–10 min)

Kvart elevpar skal legge ein strategi for korleis dei skal utvide kunnskapsgrunnlaget ved å finne faktaopplysningar. Skal dei bruke søkemotorer? I så fall, kva for nokre? Kva søkeord vil dei starte med? Eller skal dei gå rett til nokre nettstadar dei kjenner og ser på som pålitelege, f.eks. snl.no, forskning.no, Wikipedia.

Kvart elevpar skal skissere strategien skriftleg før dei begynner med søket.

Søke etter faktaopplysningar (10 min)

Elevane får avgrensa tid, i dette tilfellet ti minutt, til å søke etter faktaopplysningar. Elevane kan gjerne søke kvar for seg, men skal framleis jobbe vidare som par ved at dei samlar det dei finn i tabellen i samskrivingsdokumentet. Dei skal også registrere nettadressa og årstal for kjeldene.

Oppsummering (15–20 min)

Etter å ha samla relevant informasjon skal klassen summere opp ulempar og tiltak dei har funne. Først skal kvart par vurdere og velje ut nokre ulempar og tiltak frå kjelder dei meiner er pålitelege. Den utvalde informasjonen fyller dei inn i samskrivingsdokument 2 som er felles for heile klassen.

Dersom det kjem opp motstridande faktaopplysningar, er dette eit utmerkt utgangspunkt for at elevane må argumentere for kvaliteten på innhenta informasjon.

Metarefleksjon (5–10 min)

Som avslutning på økta gjennomfører klassen ein metarefleksjon om informasjonssøket. Korleis fungerte det for elevane å legge ein strategi for søket på førehand? Var det nok tid til å søke? Var det vanskeleg? Har elevane nokre gode søketips dei vil dele?