Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Får vi alltid like mykje energi frå sola?

7.17 Mengden energi fra sola_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane teikne skisser for å vise korleis sola når jorda om dagen og natta, og til ulike årstider og med skydekke. Snakk saman om korleis desse skissene hjelper oss til å forstå kor mykje solenergi som når jorda. Spør: Kvifor er solenergien så viktig for livet på jorda? Bruk tenk-par-del.

Forklar til elevane: Jorda går rundt sola i ei nesten rund bane. Sola lagar omtrent like mykje energi heile tida, slik at like mykje energi blir fordelt på overflata til jorda heile tida. Fordi vi har dag og natt, vil energimengda som blir tilført overflata ein bestemt stad variere gjennom døgnet, sjølv om han er konstant for heile overflata til jorda. Tilsvarande blir det gjennom årstidene. Skyer kan gjere ein forskjell fordi skyer reflekterer sollys. Jo meir skyer, jo meir sollys blir reflektert. Viss mykje av jorda er dekka av skyer lenge, blir det overført mindre energi til overflata.

Sei: Forskarar meiner at ein av grunnane til at dinosaurane døydde ut i Kritt var eit meteorittnedslag. Be elevane forklare korleis dette kunne får dinosaurane til å døy ut, og kva dette har å gjere med energien frå sola?

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • forklare hvordan vi kan produsere elektrisk energi fra fornybare og ikke-fornybare energikilder, og diskutere hvilke miljøeffekter som følger med ulike måter å produsere energi på
  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Energi for framtiden
      • gjøre forsøk med solceller, solfangere og varmepumper, forklare hovedtrekk i virkemåten og gjøre enkle beregninger av virkningsgraden
  • Etter Vg1 - yrkesfaglige utdanningsprogram
    • Energi for framtiden
      • gjøre forsøk med solceller, solfangere og varmepumper, forklare hovedtrekk i virkemåten og gjøre enkle beregninger av virkningsgraden

Læringsressurs