Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kan energi bli borte?

7.12 Kan energi bli ødelagt_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Spør: Kvifor er det viktig å skru av lyset når vi ikkje brukar det? Be elevane finne ut kor mykje energi ulike lyspærer brukar og kor mykje dei kostar ved bruk per time. Kvifor kallar vi nokre lyspærer for energisparande? Kva meiner vi med energibevaring?

Forklar til elevane: Energi kan ikkje oppstå eller forsvinne, han blir berre overført frå ein stad til ein annan. Når han blir overført, kan han gjere ein jobb for oss. I dette tilfellet er jobben å lyse slik at vi kan sjå. Den energien som ei lampe strålar ut rett for ho blir skrudd av, er ikkje borte. Noko av energien går ut i rommet som lysenergi, men mesteparten blir absorbert av omgivnadane, slik at dei blir litt varmare. Kraftverket overfører energi frå for eksempel fossilt brensel eller vannkraft til elektrisitet, men det skapar ikkje energi. Å skru av lyset gjer straumrekninga lågare, men det finst andre viktige grunnar for å spare straum. Rundt i verda blir mykje elektrisitet generert frå fossilt brensel, og dette avgir CO2 som skapar problem når det blir sloppe ut i atmosfæren. Å redusere kor mykje elektrisitet vi brukar vil redusere kor mykje CO2 vi lagar. 

Be elevane lage ein plakat for å oppfordre folk til å spare straum.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjøre forsøk og enkle beregninger med arbeid, energi og effekt
  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Energi for framtiden
      • gjøre rede for forskjellen mellom energikilder og energibærere og en aktuell energibærer for framtiden
  • Etter Vg3 - påbygging til generell studiekompetanse
    • Energi for framtiden
      • gjøre rede for forskjellen mellom energikilder og energibærere og en aktuell energibærer for framtiden

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • gjøre rede for energibegrepet og begrepene arbeid og effekt og foreta beregninger og drøfte situasjoner der mekanisk energi er bevart