Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Blir straumen brukt opp i ein krets?

6.3 Blir strømmen brukt opp i en krets_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane kople ein krets med to lyspærer i serie. Spør: Kva trur de vil skje viss de legg til ei lampe i kretsen? Bruk tenk-par-del. Be elevane teste det ut. La dei bruke eit amperemeter for å måle straumen på ulike stadar i kretsen. Sei: Juletrelys blei kopla i serie tidlegare. Kvifor trur de at dette blei endra? 

Sei: For at ei lyspære skal lyse, må ho vere del av ein lukka krets. Dette gjer at elektrona kan gå rundt i kretsen og overføre energien frå spenningskjelda til lyspæra. Kvar del av kretsen hindrar straumen, og denne motstanden bestemmer kor stor straum som går ved ei viss spenning. Straumen går i ei retning. Forskarar meinte tidlegare at positiv ladning gjekk frå den positive enden av batteriet mot den negative. I dag meiner dei at negative ladningar (elektron) går frå den negative enden mot den positive. Når dei ulike delane av kretsen er kopla i serie, kan elektrona berre gå ein veg og gjennom alle lyspærene. Det er like stor straum som går gjennom kvar lyspære, så dei har fått overført like mykje energi og lyser dermed like mykje. Dersom ei av pærene går i stykker, vil ikkje elektrona gå i kretsen og ingen av lyspærene vil lyse. 

Be elevane lage ein tabell som viser fordelar og ulemper av å bruke serie- eller parallellkopling heime.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • bruke begrepene strøm, spenning, resistans, effekt og induksjon til å forklare resultater fra forsøk med strømkretser
  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Energi for framtiden
      • beskrive virkemåten og bruksområdet til noen vanlige batterier og brenselceller
  • Etter Vg3 - påbygging til generell studiekompetanse
    • Energi for framtiden
      • beskrive virkemåten og bruksområdet til noen vanlige batterier og brenselceller

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • definere begrepene strøm, spenning og resistans, og bruke prinsippene om bevaring av ladning og energi på enkle og forgreinede likestrømskretser

Materialer og utstyr

lyspærer
lableidningar