Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Vinkelen til reflektert lys

8.6 Vinkelen til reflektert lys NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Lys med ei lommelykt på ein spegel frå ulike vinklar i eit mørkt rom. Be elevane observere det som skjer. Snu spegelen i ulike vinklar. Be elevane sjå etter mønster i måten lyset blir reflektert frå spegelen. Gjer det same med eit kvitt papir- eller plastark. 

Be elevane lage eit periskop og teikne ei skisse som viser korleis strålene går og korleis periskopet verkar. 

Sei: Lys går normalt i rette linjer i luft. Når det treff noko, blir det enten reflektert, brote eller absorbert. Vanlegvis vil lys som blir reflektert sprette tilbake i ulike vinklar (spreidd) fordi overflata er ruglete. Sjølv om ho ikkje kjennest ruglete, kan ho vere ruglete på mikronivå. Speglar reflekterer nesten alt lyset som treff han på ein uvanleg måte. Lyset blir reflektert i same vinkel som vinkelen det treff spegelen frå. Lysstrålene som treff spegelen blir ikkje blanda. Spegelen reflekterer lyset på ein slik måte at strålene er i same rekkefølge, slik at vi kan sjå eit klart bilde av gjenstanden som lyset kjem frå. Alle glatte, polerte overflater kan verke som ein spegel. Jo glattare spegelen er, jo betre blir refleksjonen og jo betre er bildet. Metall, og glas dekka med metall, verkar spesielt godt. 

Spør: Kva trur de dei første speglane var laga av? Be elevane forklare korleis ideen til Arkimedes om ei dødsstråle eller varmestråle kan ha blitt bruka til å angripe fiendtlege skip i kringsetjinga av Syrakus.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjennomføre forsøk med lys, syn og farger, og beskrive og forklare resultatene

Materialer og utstyr

lommelykt
spegel