Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7

Spegel (refleksjon av lyd)

Kan ein spegel reflektere lyd? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Det er kanskje overraskande at spegel også reflekterer lyd godt. Harde, glatte og polerte overflater reflekterer gjerne lyd godt. Mjuke og grovstrukturerte overflater er derimot gode lyddemparar. Ei konkav (innbua) glatt overflate kan bli bruka til å samle lyd mot eit brennpunkt på same måte som ein bogeforma spegel samlar lyset.

Det er kanskje lett å tenke at lyd ikkje blir reflektert av ein spegel, fordi lyden ikkje stoppar i spegelen slik lyset gjer. Vi høyrer jo lyd godt bak spegelen også. Det er fordi lydbølger bøyer seg rundt spegelen og brer seg på baksida også, medan lys ikkje får til å bøye seg så godt rundt ein stor spegel. Både lys og lyd bøyer seg også rundt hinder, men berre når hinderet er av omtrent same størrelse som bølgelengda. Lydbølger har langt større bølgelengder enn lysbølger, og kan derfor bøye seg godt rundt «makroskopiske» gjenstandar (spegel, døropning, hushjørne). Lysbølger har mykje mindre bølgelengder, og bøyer seg lite rundt makroskopiske gjenstandar eller opningar. 

Kommentarer/praktiske tips

Elevane kan undersøkje kor godt forskjellige typar overflater reflekterer lyd. Det kan vere lurt å samanlikne med ein standard lyd som for eksempel tikkelyden frå ei klokke. Dersom de har tilgang til lydsensorar og dataloggarar, kan undersøkingane gjerast meir kvantitativt.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 4. årstrinn
    • Forskerspiren
      • bruke naturfaglige begreper til å beskrive og presentere egne observasjoner, foreslå og samtale om mulige forklaringer på det man har observert
    • Fenomener og stoffer
      • utforske fenomener knyttet til luft og lyd, beskrive observasjonene og foreslå forklaringer
  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • undersøke fenomener knyttet til lyd, hørsel og støy, diskutere observasjonene og forklare hvordan lyd kan skade hørselen