Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Kor sterkt er reflektert lys?

8.5 Grubleteikning - Kor sterkt er reflektert lys (nynorsk)

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Slukk lyset og få rommet så mørkt som mogleg. Tenn eit stearinlys. Be elevane observere kor lett dei ser ting i rommet. Plasser ein spegel bak stearinlyset. Spør: Endrar spegelen på styrken på lyset i rommet? Har det noko å seie kor de står i rommet? Bruk ein konkav spegel for å undersøke om det gjer nokon forskjell. Sei: Finn flest mogleg måtar som vi brukar speglar på i kvardagen. Kva slags ekstra bruksområde kan kurva speglar ha? Bruk  tenk-par-del .

Sei: Ein flamme frigir ein bestemt mengde lys som går ut frå flammen i alle retningar. Etter kvart som det blir spreidd utover blir det mindre effektivt for å lyse opp gjenstandar. Dersom vi set ein spegel nær lyset, vil lyset som treff spegelen bli reflektert. Det blir omtrent dobbelt så lyst foran spegelen på grunn av det reflekterte lyset (ei lita mengde energi går tapt når lyset blir reflektert frå spegelen). Spegelen skapar ikkje meir lys, han berre omdirigerer lyset. Bak spegelen blir det ein skugge fordi spegelen blokkerer lyset i den retninga. Ein konkav spegel konsentrerer det reflekterte lyset i eit mindre område, slik at det blir lysare der, men det blir litt lysare rundt i rommet ellers. 

Be elevane lage skisser for å vise nye måtar å bruke dei reflekterande eigenskapane til speglar. 

 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • Vg1 SF
      • utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserende stråling, og vurdere informasjon om stråling og helseeffekter av ulike strålingstyper (KM817)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

stearinlys
spegel
konkav spegel