Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Korleis akselererer romrakettar?

10.16 Hvordan akselererer romraketter NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Spør: Korleis kan vi bruke Newtons lover til å forklare oppskytinga av ein romrakett? Bruk  tenk-par-del . Be elevane undersøke stadia frå ein rakett blir skoten opp til han går i bane rundt jorda. Spør: Dersom akselerasjon er lik kraft delt på masse, kvifor er ikkje romrakettar mykje mindre og lettare så dei kan akselerere raskare? 

Sei: Ein rakett må akselerere til omtrent 8000 m/s for å komme unna gravitasjonen til jorda og gå inn i ein låg bane. For å gjere dette må han brenne mykje drivstoff. Store rakettar treng fleire millionar liter drivstoff for å ta av. Akselerasjonen til raketten avheng av to ting, massen og krafta som dyttar han. Dersom krafta blir dobla, vil akselerasjon også bli dobla. Dersom massen blir dobla, vil akselerasjonen bli halvert. Når ein romrakett forbrenn drivstoff, blir massen mindre. Likevel produserer motorane den same krafta, slik at akselerasjonen aukar fordi det er den same krafta som dyttar på den mindre masse. Etter kvart som raketten stig oppover vil lufta bli tynnare, slik at luftmotstanden blir mindre. Dette gjer også at akselerasjonen aukar. Dragninga frå gravitasjonen til jorda blir svakare etter kvart som raketten stig, men denne effekten er liten. 

Be elevane planlegge eit oppdrag til Mars der dei skisserer bygging og oppskyting av ein rakett frå den internasjonale romstasjonen i staden for frå bakken. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • undersøke et emne fra utforskingen av verdensrommet, og sammenstille og presentere informasjon fra ulike kilder
      • gjøre rede for begrepene fart og akselerasjon, måle størrelsene med enkle hjelpemidler og gi eksempler på hvordan kraft er knyttet til akselerasjon

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • identifisere kontaktkrefter og gravitasjonskrefter som virker på legemer, tegne kraftvektorer og bruke Newtons tre lover