Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Kva forårsakar ei måneformørking?

10.3 What causes a lunar eclipse NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Bruk ein modell av ballar eller frukt av ulik størrrelse som representerer jorda, sola og månen. Vis kva som skjer når jorda går i bane rundt sola og månen går i bane rundt jorda. Snakk saman om kvar dei må vere for at det skal bli ei måneformørking. Spør: Kvifor blir ikkje månen heilt mørk ved ei måneformørking?  

Sei: Jorda går rundt sola i ein nesten sirkulær bane. Samtidig går månen i bane rundt jorda. Vi ser månen fordi han reflekterer lys frå sola. Vi ser ulike delar av den opplyste månen til ulike tider, slik at formen på månen ser ut til å endre seg. Ei måneformørking er noko anna. Nokre gongar kjem jorda i vegen for lyset frå sola og hindrar det i å nå månen. Jorda kastar ein skugge på overflata til månen. På grunn av farten til jorda og månen, passerer skuggen ganske raskt over månen. Dersom jorda, sola og månen ligg heilt på linje, får vi total måneformørking, der månen er i fullstendig i skuggen av jorda i ei kort stund. Dette skjer ganske sjeldan. 

Be elevane teikne ei skisse som viser kvifor vi ikkje får måneformørking kvar månad. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • beskrive og visualisere hvordan døgn, månefaser og årstider oppstår, og samtale om hvordan dette påvirker livet på jorda (KM803)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

ballar, frukt eller liknande i ulike størrelse

Bakgrunnsstoff