Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Lagar planetane sitt eige lys?

10.2 Do planets make their own light

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane finne ut når Venus er synleg på himmelen og snakk saman om kvifor han ikkje er synleg heile tida. Spør: Kva veit de om kvar og korleis lys blir laga? Be elevane teikne ein modell av solsystemet på eit stort ark og markere kvar lys blir laga og kvar det blir reflektert. Bruk modellane til å snakke saman om korleis vi kan sjå månen, planetane, sola og dei andre stjernene. Spør: Kvifor ser det som at stjerner blinkar, men ikkje planetar? 

Sei: Planetar, månar og asteroidar lagar ikkje eige lys. Vi ser dei fordi dei reflekterer lys frå sola. Venus har ei tett atmosfære som først og fremst består av karbondioksid og nitrogen med skyer av svovelsyre. Skyene reflekterer det meste av sollyset, derfor ser Venus så lysande ut på himmelen. Venus har ein gulkvit farge sett frå jorda. Venus er berre synleg tidleg på morgonen eller tidleg på kvelden, og sett frå jorda er Venus det tredje mest lyssterke på himmelen, etter sola og månen. Med eit teleskop kan vi sjå at Venus har fasar slik som månen, avhengig av plasseringa i forhold til sola og jorda. 

Be elevane teikne ei skisse for å vise kvifor månen ser så mykje lysare ut enn Venus på himmelen.