naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Besøk oss på:
Passer for
- ungdomstrinn 8-10
- fysikk 1
- fysikk 2
Kva gjer dopplereffekten?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
La elevane jobbe med dopplereffekten i dette Viten-objektet . Snakk saman om når de kan høyre dette i kvardagen. Spør: Har det noko å seie kor raskt lydkjelda beveger seg? Klarar du å sykle raskt nok til å høyre dopplereffekten?
Be elevane teikne ei skisse for å forklare korleis dopplereffekten kan bli bruka i eit fotobokskamera som måler farten til bilar.
Faglig forklaring
Frekvensen til ein lyd er kor mange svingningar per sekund lydkjelda lagar. Ein høgfrekvent lyd er lys. Dersom eit objekt beveger seg mot deg og lagar lyd, vil kvar bølgetopp vere litt nærmare deg enn den forrige bølgetoppen. Dette gjer at lydbølgene kjem til deg litt tidlegare, tida mellom bølgetoppane er litt kortare og frekvensen blir litt høgare enn han ville ha vore dersom objektet sto i ro. Lydbølgene blir klemte litt saman.
Når objektet går frå deg, blir lydbølgene strekte litt ut. Frekvensen blir da lågare, fordi kvar bølgetopp blir litt lenger vekk frå deg. Etter kvart som objektet går forbi deg, vil lyden raskt skifte frå høgare til lågare.
Lyset beveger seg også som bølger, så det same skjer her. Astronomar brukar dette for å rekne ut kor raskt stjerner eller galaksar nærmar seg eller går vekk frå jorda.
Denne endringa i bølgefrekvens kallar vi dopplereffekten.
Aktuelle kompetansemål i læreplanen
Læreplan i naturfag
- Etter 10. årstrinn
- Fenomener og stoffer
- undersøke et emne fra utforskingen av verdensrommet, og sammenstille og presentere informasjon fra ulike kilder
- Fenomener og stoffer
Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram
- Fysikk 1
- Klassisk fysikk
- definere og regne med begrepene frekvens, periode, bølgelengde og bølgefart, og forklare kvalitativt bøynings- og interferensfenomener
- Klassisk fysikk