Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kva kan stoppe lydbølger?

 

9.4 Kva kan stoppe lydbølger NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be ein elev slå på ei tromme eller spele musikk på gangen med døra lukka til klasserommet. Finn ut kor langt unna eleven kan gå før de ikkje høyrer lyden. Spør: Har de noko å seie om musikken forsvinn rundt eit hjørne eller om døra er open? Be elevane halde øyret mot døra eller halde eit glas mot døra. Spør: Påverkar dette kva de høyrer? Snakk saman om kva elevane trur skjer. Spør: Korleis verkar øyreproppar? 

Spør: Kva for råd vil de gi nokon som vil unngå at lydar kjem gjennom husveggen, og kvifor?  

Faglig forklaring

Når vi slår på ei tromme, får vi trommeskinnet til å vibrere. Det vibrerande trommeskinnet får luftpartiklane til å vibrere og overføre lydbølger i alle retningar. Når lydbølgene treff døra, får dei også nokre av partiklane i døra til å vibrere. Nokre av desse vibrasjonane blir overført til lufta på den andre sida av døra, slik at vi kan høyre lyden sjølv om døra er lukka. Det er berre noko av lyden når den andre sida av døra, så lyden blir svakare. Noko av lyden blir reflektert inn i rommet av døra og andre harde overflater, og noko av energien gjer rommet litt varmare, så vi høyrer ikkje den delen.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • undersøke fenomener knyttet til lyd, hørsel og støy, diskutere observasjonene og forklare hvordan lyd kan skade hørselen

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • definere og regne med begrepene frekvens, periode, bølgelengde og bølgefart, og forklare kvalitativt bøynings- og interferensfenomener

Læringsressurs