Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kva har lengda på strengen å seie?

 

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk faktaboks: "Tenk-par-del" der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

La elevane undersøke eit strengeinstrument som gitar eller violin for å finne ut kva lengda til strengen har å seie. Eventuelt kan du feste strikkar av ulik tjukkleik over ein boks som forsterkar lyden, og la elevane finne ut korleis lengda av strikken endrar lyden og korleis lyden blir endra ut frå kor mykje strikken er strekt. Snakk saman om korleis dei kan måle kor sterk lyden er og kor langt eller kor raskt han går. Spør: Er det ei grense for kor lys eller mørk lyd de kan lage ved å bruke strikk eller streng? 

Be elevane lage ei skisse som forklarer kva lydbølger er og korleis tonen kan endre seg. 

Faglig forklaring

Strengeinstrument lagar lyd når strengen vibrerer, og energien frå denne vibreringa blir overført til øyra våre gjennom lydbølger. Øyra våre kan registrere frekvensen til lydbølga, det vil seie kor mange lydbølger det er per sekund. Dersom strengen vibrerer raskare blir det fleire lydbølger per sekund. Når frekvensen blir høgare, blir tonen lysare. Jo kortare strengen er, jo raskare vibrerer han og jo lysare er tonen. Å endre lengda på strengen vil ikkje påverke kor sterk lyden er, kor lang avstand lydbølga går eller lydfarten. I blåseinstrument blir tonen endra ved å endre lengda på luftsøyla som vibrerer. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • Vg1 SF
      • utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)
    • Vg1 IM
      • utforske bølgefenomener knyttet til lyd og akustikk (KM757)
    • Vg3 Påbygging
      • utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM734)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

gitar eller fiolin
strikk 
pappeske