Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2
  • kjemi 1
  • kjemi 2

Kva skjer når vatn frys?

 

5.3 Hva skjer når vann fryser NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Snakk saman om frysing og smelting og korleis de kan teste ulike idear. De kan for eksempel vege nokre isbitar i eit begerglas, og så la isbitane smelte på ein kald stad og så vege vatnet. Spør: Har massen endra seg? Korleis kan vi sjekke om volumet har endra seg? Observer korleis is smeltar samanlikna med andre ting som smeltar lett, som margarin. Spør: Kvifor er det viktig for rørleggarar å vite kva som skjer når vatn frys? 

Be elevane lage ein omtrentleg graf som viser volumet av 100 g vatn frå -5 til 95 °C. Be dei leite etter informasjon om kva som er spesielt med vatn ved 4 °C. 

Faglig forklaring

Vatn er eit uvanleg stoff. Vanlegvis vil partiklar i ei væske som blir til fast stoff, nærme seg kvarandre slik at volumet blir mindre. Den same massen spreier seg over eit litt mindre volum, slik at tettleiken blir større, og det faste stoffet vil synke dersom du legg det i ei væske av det same stoffet. Dei fleste stoff oppfører seg slik, men altså ikkje vatn. Når vatn frys til is, aukar volumet. Dette betyr at den same massen spreier seg til eit større volum, slik at tettleiken blir mindre. Dette er grunnen til at is flyt i vatn. Når is smeltar, blir volumet mindre, men massen endrar seg ikkje. Når noko smeltar, blir det verken fleire eller færre partiklar, så massen er den same. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • beskrive sentrale egenskaper ved gasser, væsker, faste stoffer og faseoverganger ved hjelp av partikkelmodellen
  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • vurdere egenskaper til grunnstoffer og forbindelser ved bruk av periodesystemet

Materialer og utstyr

isbitar
begerglas
vekt