Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Korleis blir ei kald skei varm?

  

4.13 Hvordan blir en kald skje varm NN  

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Spør: Kva slags kjøkkenreiskapar brukar vi for å røre i ei gryte? Kva kan desse vere laga av? Vis skeier av ulike materiale som tre, metall, plast og silikon. Legg skeiene i varmt vatn. Snakk saman om kva for delar av skeia som blir varmast og kaldast. Spør: Kva for eit materiale vil vere bra til å lage grilltang og kvifor? 

Be elevane lage eit diagram for å vise korleis energi blir overført når pølser blir kokt i ei gryte.

Faglig forklaring

Ei metallskei er eit fast stoff med partiklar som er tett saman. Dei kan ikkje byte plassar eller bevege seg frå den eine enden til den andre. Når eit fast stoff blir varma opp, vibrerer partiklane meir. Jo høgare temperatur, jo meir vibrerer dei. Partiklane i skeia som blir varma opp, vibrerer meir, kolliderer med partiklane i nærleiken og får desse til å vibrere meir, og desse kolliderer vidare med partiklar i nærleiken. Energien blir overført gjennom skeia ved at partiklar kolliderer og overfører energi til neste gruppe av partiklar. Denne prosessen kallar vi varmeleiing. Energien ligg i bevelsen til partiklane, og dette blir ikkje påverka av tyngdekraften eller hellinga til skeia. Varme gassar og væsker stig i ein prosess som vi kallar konveksjon, men dette skjer berre i væsker og gasser der partiklane kan bevege seg fritt. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • beskrive sentrale egenskaper ved gasser, væsker, faste stoffer og faseoverganger ved hjelp av partikkelmodellen

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • gjengi og drøfte kvalitativt termofysikkens første og andre lov

Materialer og utstyr

skeier av ulike materiale som tre, metall, plast og silikon

Bakgrunnsstoff

Læringsressurs