Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 5-7

Farge i kaldt og varmt vatn

Kan vi sjå ein forskjell på kaldt og varmt vatn?

Ta nokre dråpar konditorfarge i eit beger med kaldt vatn. Observer kva som skjer. 

Gjer tilsvarande i eit beger med varmt vatn. Kva skjer nå? Kva trur du er grunnen til at det blir ein forskjell?

I koppen til venstre er det varmt vatn – her vil fargen spreie seg jamt og raskt. I koppen til høgre er det kaldt vatn – her vil fargen spreie seg saktare, og vi ser at han ikkje blandar seg like godt med vatnet. I koppen til venstre er det varmt vatn – her vil fargen spreie seg jamt og raskt. I koppen til høgre er det kaldt vatn – her vil fargen spreie seg saktare, og vi ser at han ikkje blandar seg like godt med vatnet.

Vi ser at konditorfargen spreier seg i vatnet, frå der det er mykje farge til der det er lite (ingenting). Denne prosessen kallast diffusjon. Diffusjon er kort forklart at partikler spreier seg frå område med høg konsentrasjon til område med lågare konsentrasjon.

Diffusjonen skjer i både kaldt og varmt vatn, men han går raskare i varmt vatn enn i kaldt vatn. Grunnen til dette er at gjennomsnittsfarten til partiklane i eit stoff aukar med temperaturen. Konditorfargen blandar seg derfor raskare med det varme vatnet. Vi kan sjå for oss at vassmolekyla lettare skumpar borti konditorfargen.

Denne aktiviteten kan fungere godt som ein demonstrasjon ved oppstart av undervisning om partikkelmodellen. Han kan vekke undring om kvifor det er forskjell på varmt og kaldt vatn. Korleis kan vi forklare kva som skjer ved å sjå for oss partiklane i vatnet?

Ein måte å utvide opplegget på er å la elevar teste ut korleis temperaturen påverkar løysingsevna til salt eller sukker i vatn. Korleis kan vi forklare at ei teskei sukker løyser seg raskare opp i ein kopp varm te enn i kald?  

Materialer og utstyr

  • konditorfarge
  • kaldt og varmt vatn frå springen
  • to begerglas

Tema