Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kor kalde blir ting i kjøleskapet?

Kva skjer eigentleg med det vi har inni eit kjøleskap?

 

4.4 Hvor kalde blir ting i kjøleskaper NN  

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Legg eit termometer i ein behaldar med vatn med romtemperatur og sett behaldaren inn i kjøleskapet. Observer kva som skjer med temperaturen og diskuter korleis temperaturen inni kjøleskapet endrar seg. Prøv med ulike behaldaren, av plast og metall. Spør: Kor mange ulike måtar kan vi kjøle ned ting på utan kjøleskap? Kva er fordelar og ulemper med kvar av måtane? 

Be elevane teikne ein graf som viser korleis temperaturen endrar seg når ein behaldar med vatn blir plassert i eit kjøleskap, i ei metallbolle eller i ei termos.

Faglig forklaring

Mjølka held seg god lenger ved å halde ho kald. Når vi puttar noko varmt i kjøleskapet, mistar det energi. Jo større forskjellen er mellom temperaturen i kjøleskapet og i mjølka, jo raskare mistar mjølka energi. Når temperaturen i mjølka nærmar seg temperaturen i kjøleskapet, blir energitapet mindre og mindre. Det tar lenger tid for mjølka å kjøle seg ned dei siste gradane enn dei første gradane. Det tar lenger tid for ei stor mjølkeflaske å bli nedkjølt enn ei lita ei fordi ho har meir energi å miste. Mjølka kan aldri bli kaldare enn kjøleskapet er. Dersom du puttar frosen mjølk i kjøleskapet får ho energi frå kjøleskapet, blir oppvarma og smeltar.

Metall er gode varmeleiarar, slik at mjølk i ein metallbehaldar mistar energi raskt, men når likevel den same sluttemperaturen. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • gjengi og drøfte kvalitativt termofysikkens første og andre lov
    • Den unge forskeren
      • planlegge og gjennomføre egne undersøkelser og foreta relevante forsøk innen de forskjellige hovedområdene i faget
      • samle inn og bearbeide data og presentere og vurdere resultater og konklusjoner av forsøk og undersøkelser, med og uten digitale verktøy