Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1

Korleis kjem det væske inn i sprøyta?

 

4.2 Hvordan får vi væske inn i en sprøyte NN

 

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Trekk litt luft inn i ei plastsprøyte og hald fingeren foran opninga. Trekk stempelet bakover. La elevane også prøve. Spør: Kva skjer? Diskuter kva som skjer med lufta som er inni sprøyta og korleis lufttrykket inni sprøyta vil endre seg. Spør: Korleis vil det vere dersom vi har vatn i staden for luft inni sprøyta?

Be elevane teikne ei skisse som viser korleis vi brukar lufttrykket til å puste inn og ut.

Faglig forklaring

Luft består av mange partiklar som beveger seg rundt og kollidere med alle overflater som dei treff. Desse kollisjonane dyttar på desse overflatene og skapar lufttrykk. Det er mykje tomrom mellom luftpartiklane, slik at lufta kan bli mosa og spreidd. Når lufta blir mosa, går trykket opp. Og når lufta blir spreidd, går trykket ned. Trykket kan berre skyve på ting, ikkje dra dei. Lufttrykk skyv også på overflata til ei væske. Når du drar stempelet tilbake i sprøyta, vil luftpartiklene bli spreidde. Rommet som blir laga, har eit lågare trykk samanlikna med utsida, slik at væske blir dytta inn i sprøyta av lufttrykket på væskeoverflata. Dette held fram heilt til trykket på innsida og utsida av sprøyta er likt. Dersom du dytter stempelet fram i sprøyta, blir trykket inni sprøyta større enn utanfor, og væske sprutar ut. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • beskrive sentrale egenskaper ved gasser, væsker, faste stoffer og faseoverganger ved hjelp av partikkelmodellen
      • forklare hvordan stoffer er bygd opp, og hvordan stoffer kan omdannes ved å bruke begrepene atomer og molekyler