Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1

Må vi spare vatn?

Kvar kjem vatnet i springen frå?

 

3.13 Må vi spare vann NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk 

 der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Sei: For å leve treng vi mat, vatn og vern. Dersom du alltid får reint vatn frå springen, er det ikkje sikkert du tenker på kvar det kjem frå, men det må bli samla, lagra, reinsa og frakta til deg. Reint vatn er ein avgrensa ressurs. Be elevane finne ut kvar vatnet deira kjem frå og om alle i klassa får vatnet sitt frå same stad. Spør: Korleis blir vatnet i kommunen vår reinsa? Be elevane undersøke på nettsidene til kommunen eller ringe / sende e-post for å finne det ut.

Sei: Når det er snaut med vatn, må vi redusere vassforbruket. Kven treng vatn mest? Gje elevane ulike roller, som bonde, huseigar, fabrikkeigar med vasskjølte maskinar, hagesentersjef, golfklubbeigar osv. La dei argumentere for kvifor deira rolle treng tilgang på vatn. Spør: Korleis kan de finne ein god strategi for å spare på vatnet?

 

Faglig forklaring

Vatnets krinsløp gir vatn til dei fleste plassar når vatnet fordampar frå havet, kondenserer i skyene og blir til vatn som regnar over land. I mange land regnar det ikkje regelmessig. Land som oftast har regn i massevis, kan av og til oppleve tørke, og klimaendringar gjer regnet uforutsigbart. Sjølv i veldig våte periodar, må vatnet blir samla og lagra til tørrare tider. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Bærekraftig utvikling
      • kartlegge egne forbruksvalg og argumentere faglig og etisk for egne forbruksvalg som kan bidra til bærekraftig forbruksmønster
  • Etter Vg1 - yrkesfaglige utdanningsprogram
    • Bærekraftig utvikling
      • kartlegge egne forbruksvalg og argumentere faglig og etisk for egne forbruksvalg som kan bidra til bærekraftig forbruksmønster

Nettressurser