Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2
  • geofag x og 1
  • geofag 2

Er det global oppvarming?

Kan det vere global oppvarming dersom vinteren er veldig kald?

 

Er det global oppvarming?

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Spør: Kva trur de er skilnaden mellom vær og klima?

Be elevane lese om global oppvarming i ulike kjelder. Be dei finne ut kvifor det skjer og kva konsekvensane kan bli. Spør: Korleis passar global oppvarming med klimaet der du bur? Be elevane spørre foreldre eller besteforeldre eller bruke Internett for å finne vêrdata mange år tilbake.

Spør: Dersom den globale oppvarminga held fram, kva for konsekvensar kan det få? Begrunn svaret. Be elevane lage ein oversikt over vanlege spørsmål om global oppvarming og informasjon som kan gi svar på spørsmåla.

Faglig forklaring

Klima er noko anna enn vêr. Vêr beskriv det vi opplever frå dag til dag, slik som temperatur, nedbør, vind med meir. Dette kan endre seg på berre nokre få timar. Klimaet beskriv vêrmønster gjennom mange år. I dei siste tiåra har jordas gjennomsnittstemperatur auka. Forskarar meiner at dette sannsynlegvis er ei følge av auka mengde av karbondioksid i atmosfæren, noko som aukar drivhuseffekten. Dette kallar vi global oppvarming. Det er mange ting som påverkar vêret, og det er vanskeleg å forutseie kva for vêr vi får. Sjølv om det er global oppvarming, kan vi nokre gongar ha veldig kaldt vêr. Nokre stadar trur vi det blir kaldare og våtare som ei følge av global oppvarming. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • gjøre rede for betydningen av biologisk mangfold og gjennomføre tiltak for å bevare det biologiske mangfoldet i nærmiljøet (KM830)
      • gjøre rede for hvordan det geologiske kretsløpet, platetektonikk og ytre krefter er med på å forme og endre ulike landskap (KM804)
    • 10. trinn
      • beskrive drivhuseffekten og gjøre rede for faktorer som kan forårsake globale klimaendringer (KM840)
      • gi eksempler på og drøfte aktuelle dilemmaer knyttet til utnyttelse av naturressurser og tap av biologisk mangfold (KM810)
    • Vg1 SF
      • gjøre rede for hvordan klimaendringer påvirker evolusjon, utbredelse av arter og biologisk mangfold (KM700)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Tverrfaglige temaer

  • Bærekraftig utvikling (TT3)