Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Korleis utvikla sjiraffane seg?

Korleis fekk sjiraffen så lang hals?

Vis grubleteikninga til elevane.

Korleis utvikla sjiraffane seg?

 

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Sei: Lamarck og Darwin hadde to ulike forklaringar på kvifor sjiraffar har lang hals. Kort sagt meinte Lamarck at sjiraffane brukte halsen for å strekke seg etter mat som var høgt oppe, slik at halsen gradvis blei lenger og at denne lange halsen blei nedarva til neste generasjon. Darwin meinte derimot at dei sjiraffane som tilfeldigvis hadde litt lenger hals, hadde ein fordel som kunne føre til fleire avkom. Neste generasjon ville derfor få litt lenger hals. Kven meiner de har den beste forklaringa? La elevane søke etter meir informasjon om Lamarck og Darwin på Internett.

Be elevane bruke Darwins evolusjonsteori til å forklare korleis isbjørn og brunbjørn, eller raudrev og fjellrev, har utvikla seg for å overleve i miljøet sitt. 

Faglig forklaring

Dyr av same art er aldri heilt like, dei har små forskjellar. Dette kallar vi variasjon. Variasjonen er tilfeldig og nokre gongar kan ein forskjell gi dyret ein fordel som hjelper det til å overleve. Dersom dyret viderefører denne variasjonen til avkomma, så vil desse også ha ein fordel. I vanskelege tider, når det er lite mat eller vatn, vil dyr med ein fordel ha større sjanse til å overleve og få fleire avkom. Over ein periode på mange millionar år kan dette føre til store endringar i ein art eller føre til at det blir utvikla nye artar. Det enkelte dyret endrar seg ikkje, men populasjonen vil gradvis endre seg over ein lang periode. Dette kallar vi evolusjon, som er ein av dei viktigaste teoriane i biologien. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
      • beskrive hvordan forskere har kommet fram til evolusjonsteorien og bruke denne til å forklare utvikling av biologisk mangfold (KM825)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)
Naturfaglig språk

  • evolusjon
    utvikling av arter over lang tid

Nettressurser