Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Er bein levande?

Kva er kjenneteikna på at noko er levande?

 

1.16 Are bones alive NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der ekvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Snakk saman om kva som er levande og ikkje. Spør: Kva for kjenneteikn ser de etter? Tenk på noko som er produsert av dyr eller planter (slik som ein edderkopp som lagar silke til nettet sitt, ei ku som lagar melk, eit tre som lagar harpiks eller ei krabbe som lagar skal). La elevane diskutere to og to om desse produkta er levande eller ikkje. Spør: Kva ser de etter for å avgjere dette? Virus som gir sjukdom hos dyr og planter – er dei levande?

Be elevane lage ei liste over ting som ikkje er levande, men som er produsert av levande organismar. 

Faglig forklaring

Når vi skal avgjere om noko er levande, ser vi etter kjenneteikn på  livsprosessar. Levande organismar beveger seg, pustar, føler noko, veks, reproduserer, skil ut avfallsstoff og treng næring. Celler inni ein levande organisme er levande, men berre organismen som eit heile har alle desse livsprosessane. Vi finn ikkje alle desse prosessane i den enkelte cella. Bein er organ som inneheld blodårer, nerver og beinceller (som osteoblastar), så dei er levande. Osteoblastane lagar nytt bein etter kvart som personen veks eller når bein blir skada og må reparerast. Det harde i beina består av mineral som kalsiumfosfat. Hår og fingernegler er ikkje levande. Dei består av eit protein som heiter keratin, og ikkje av celler. Levande celler i huda lagar keratin som dannar hår og negler, slik at hår og negler veks.