Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Pustar planter?

Har planter celleanding slik som dyr har?

 

1.13 Do plants respire NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane tenke gjennom kvar dei trur at planter får maten sin frå og kva denne maten blir brukt til. Samtal om kvifor planter treng mat dersom dei får energi frå sollyset. Snakk om kva for gassar som blir bruka og produsert i fotosyntesen og i celleandinga, og kva for gassutveksling de vil forvente i ei plante på ulike tidspunkt på dagen. Spør: Korleis vil du forvente at plantevekst vil påverke karbondioksidnivået i atmosfæra?

Be elevane lage eit flytkart som viser korleis plantar og karbon heng saman, der dei har med brenning av tre og kol.

Faglig forklaring

Planter lagar sukker i fotosyntesen. Fotosyntesen brukar karbondioksid, vatn og energi frå sollyset, og oksygen er eit avfallsprodukt. Planteceller har også celleanding, der dei brukar sukkeret som dei har laga og oksygen frå lufta for å frigjere energi som dei kan bruke, akkurat slik som i dyreceller. I løpet av dagen har planter både fotosyntese og celleanding, så dei bruker og produserer oksygen og karbondioksid samtidig. Generelt er fotosyntesen mykje raskare enn celleandinga på dagen, slik at plantene samla sett brukar karbondioksid og lager oksygen. På natta kan dei ikkje drive fotosyntese fordi det ikkje er sollys, så da har dei berre celleanding og produserer karbondioksid. Planteceller har mykje karbon i seg, særleg i tre. Dette karbonet kjem frå sukkeret som dei lagar i fotosyntesen. Karbondioksid blir frigitt i celleandinga til plantene, når dei døyr og blir brutt ned eller når dei blir brende. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • beskrive oppbygningen av dyre- og planteceller og forklare hovedtrekkene i fotosyntese og celleånding
    • Fenomener og stoffer
      • forklare hvordan vi kan produsere elektrisk energi fra fornybare og ikke-fornybare energikilder, og diskutere hvilke miljøeffekter som følger med ulike måter å produsere energi på
  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Energi for framtiden
      • gjøre rede for ulik bruk av biomasse som energikilde
  • Etter Vg1 - yrkesfaglige utdanningsprogram
    • Energi for framtiden
      • gjøre rede for ulik bruk av biomasse som energikilde

Læreplan i biologi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Biologi 2
    • Energiomsetning
      • forklare korleis lysenergi kan overførast til kjemisk bunden energi i fotosyntesen, og korleis energien blir brukt til å produsere glukose
    • Økologi
      • gjere greie for krinsløpet til karbonet og nitrogenet i eit økosystem, og korleis miljøgifter blir konsentrerte i næringskjeder
Naturfaglig språk

  • celleånding
    kjemisk reaksjon i levende organismer der glukose og oksygen omdannes til karbondioksid og vann og energi frigjøres
  • fotosyntese
    kjemisk reaksjon i grønne planter der karbondioksid og vann omdannes til glukose og oksygen ved hjelp av sollys