Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • fysikk 1

Kalde vinternetter

kalde vinternetter 1

Kvifor er det vesentleg kaldare ei vinternatt med skyfri himmel enn når himmelen er dekt av skyer?

Faglig forklaring

Vi veit at energi frå den strålande sola påverkar temperaturen her på jorda. Nesten likså viktig, men mindre kjend, er energien som strålar ut frå den «strålande» jorda. Lik sola strålar jorda, men berre i det infraraude området av spekteret. Dette er jordstråling som er lågare i både frekvens og intensitet enn solstrålinga. På ei klar natt slepp jordstrålinga ut gjennom atmosfæren og senkar på den måten temperaturen på jorda si overflate og lufta like over han. Men på ei skya natt blir mykje av strålinga absorbert i skyene, og skyene sender stråling tilbake til jorda igjen. Dette motverkar at temperaturen søkk om natta.

kalde vinternetter 2