Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Rustne spikrar

Kva skjer med vekta når spikrar rustar? Diskuter utsegnene i grubleteikninga, og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Rustne spiker

Faglig forklaring

Når spikrar rustar, blir dei tyngre, forutsett at ikkje noko av rusta fell av. Dette viser at det skjer ein kjemisk reaksjon, ikkje berre ei fysisk forandring. Dersom lokket til syltetyglaset ikkje er tett, vil totalvekta til glaset med innhald auke, fordi spikaren reagerer med oksygengass frå lufta, og det blir danna rust (jarnoksid).

Kommentarer/praktiske tips

Elevane kan måle vekta til spikaren før og etter at han har rusta. Deretter kan dei freiste å forklare kva som er årsaka til vektendringa. I eit lufttett glas vil den totale vekta vere konstant, mens vekta til spikaren vil auke. Ved å setje opp eit forsøk der glaset er fylt med CO2-gass i staden for luft, kan elevane observere at lufta har noko å seie for at noko skal ruste. Elevane kan undersøkje lufta si samansetjing før og etter rustinga for å sjå om samansetjinga har forandra seg.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Læringsressurs