Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Verdsrommet

Er det mørkt i verdsrommet? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Ofte blir verdsrommet framstilt som heilt mørkt, men dette er ikkje alltid riktig. Nær sola eller andre stjerner vil ein gjenstand vere sterkt opplyst. Sjølv om eit tomt verdsrom ser mørkt ut, slik vi observerer nattehimmelen frå jorda, så betyr ikkje det at ikkje noko lys er tilstades.

Kommentarer/praktiske tips

Det er ikkje mogeleg å gi erfaringsbasert stønad til dette før vi kan gjennomføre romreiser langt av garde. Derimot vil tankeeksperiment, modellar og argumentasjon vere gode måtar å klargjere dette på.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 4. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • lage en digital sammensatt tekst om noen av planetene i vårt solsystem ved å finne informasjon og oppgi kilder
  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • beskrive universet og ulike teorier for hvordan det har utviklet seg
      • gjennomføre forsøk med lys, syn og farger, og beskrive og forklare resultatene