Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Lange leidningar

Har lengda på leidningen noko å seie for kor sterkt ei pære lyser? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Lange ledninger

Faglig forklaring

Nokon kan kanskje tru at straumen brukar lengre tid gjennom kretsen dersom leidningane er lange enn om dei er korte, og at pæra derfor vil lyse svakare. Dette stemmer ikkje med verkelegheita. Ein like sterk straum går i alle delar av kretsen samtidig, og lengda på leidningane påverkar ikkje straumen merkbart. Resistansen i glødetråden i pæra er det som avgrensar straumen i denne kretsen.

Kommentarer/praktiske tips

Vi kan undersøke situasjonen ved å kople saman enkle lukka kretser som består av eit batteri og ei pære, men kor leidningane er av ulik lengde. Normalt vil ikkje lengda på leidningene gi merkbar verknad på pæra. Brukar vi derimot ganske lange leidningar som er tynnare enn normalt, vil leidningene ha såpass stor resistans at dei vil kunne redusere straumen i kretsen. Forsøket kan bidra til å forstå omgrepet resistans og kva som påverkar straumen i ein krets.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Teknologi (KE68)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Læringsressurs