Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

  • PowerPoint-presentasjon  bokmål | nynorsk
  • Elevark observere nær-infraraud stråling PDF
  • Lærarark observere nær-infraraud stråling PDF

 

Utstyr til gjennomføring av aktiviteten observasjon av nær infraraud stråling:

  • Web kamera med manuelt fokus
  • Pinsett eller liknande til å vippe av filteret
  • Objekter: Led-lys, stearinlys, fjernkontroll, grøn plante og kunstig plante

Aktiviteten observasjon av nær-infraraud stråling er henta frå dette heftet frå esero, fleire ressursar om stråling finn du her.

1. Gjer deg kjent med læringsmåla (sjå førre side) og omgrepa som er sentrale i denne økta (markert med utheva skrift).
2. Gjer deg kjent med / tilpass PowerPoint-presentasjonen dersom du vil bruke han.
3. Gjer Elevark observere nær-infraraud stråling tilgjengeleg for elevane

Avgjer om du ønsker at elevane skal modifisere/hacke webkameraet sjølv, eller om du skal gjere dette på førehand. Bildar av korleis de tar ut filteret ligg på ark 5 i presentasjonen:

  1. Skru av fokusringen slik at linsa kan skrus av.
  2. Skru ut linsa
  3. På innsida av linsa ligg eit rødt/grønt filter. Fjern filteret med ein pinsett, skalpell eller liknande
  4. Sett tilbake linsa og fokusringen
  5. Kople web kameraet til ein pc

De kan også sjå framgangsmåten slik den blir vist på filmen frå esa her.

Dersom bildet ser for lyst ut er det fordi det er for mye lys som trengs å filtrerast vekk. Bruk polariseringsfilter eller to biter film og legg framfor linsa (legg dei vinkelrett på kvarandre).