Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Gjennomføring av økt 3

Ark 22. Repetisjon. Repeter forrige økt ved å spørre kva elevane hugsar og ved å gå gjennom nøkkelsetningane: 

I ein kjemisk reaksjon blir atoma grupperte på nye måtar når utgangsstoff blir til sluttstoff.
I kjemiske reaksjonar er det like mange atom av kvart grunnstoff før og etter reaksjonen. Dette kallar vi massebevaring.
Fotosyntesen er eit eksempel på ein kjemisk reaksjon der karbon inngår i ulike sambindingar før og etter reaksjonen.
Massen er bevart i alle kjemiske reaksjonar. Det betyr for eksempel at karbon aldri blir borte, men det blir flytta frå sambinding til sambinding i ulike krinsløp.

Ark 23. Lese og fortelje til kvarandre. Del klassen i to. Halvparten av elevpara les teksten Forbrenningsreaksjonar i kroppen, den andre halvparten av elevpara les teksten Forbrenningsreaksjonar rundt oss. Be elevane streke under det dei meiner er det viktigaste i teksten. Elevane blir kalla ekspertar på den teksten dei har lese og nybegynnarar på den teksten dei ikkje har lese.

Elevpara diskuterer kort kva dei synest er viktig i tekstane dei har lese. La to og to elevar som har lese kvar sin tekst samarbeide og fortelje kvarandre om det dei har lest. Eksperten skal fortelje, nybegynnaren skal lytte og ta notat (berre stikkord). Dette skal dei gjere med begge tekstane. 

Byt slik at elevane går saman i nye par. Nå skal nybegynnarane fortelje til ekspertane. Byt roller slik at begge nybegynnarane får fortalt. Til slutt skal dei samanlikne forbrenningsreaksjonar i kroppen og forbrenningsreaksjonar rundt oss. Kva er likt? Kva er ulikt? 

Oppsummer til slutt i plenum.

Ark 24. Om forbrenningsreaksjonar. Oppsummer kva som kjenneteiknar forbrenningsreaksjonar. Kva er det «viktigaste» vi får ut av forbrenningsreaksjonar? [energi].

Ark 25. Om krinsløpet til karbon. Be elevane jobbe med animasjonane og tekstane på viten.no: Først «Det raske og langsame krinsløpet til karbon» og «Danning av olje» før dei skal lese om ulike prosessar som tar opp og frigjer karbon. I modellen som viser krinsløpet til karbon skal dei sortere prosessane etter om karbondioksid blir frigjort til (pil opp) eller tatt opp frå (pil ned) atmosfæren.

Oppsummer etterpå med å seie at fossile kjelder er ein del av det langsame krinsløpet til karbon. Ved forbrenning av fossilt brensel, går karbon raskt ut i atmosfæren, og det tar lang tid å ta karbon vekk frå atmofæren igjen. 

Ark 26. Kople til oppdraget. Spør elevane kva dei nå veit som dei kan bruke for å løyse oppdraget.