Hopp til hovedinnhold

Stamceller

Stamceller er celler som har potensial til å utvikle seg til alle typar celler. Mange har håp om at bruk av stamceller skal føre til behandling for alvorlege sjukdomar. Men enno er dette noko som er på forskingsstadiet.

Stamceller sørgjer for å stadig fornye kroppen vår. Stamceller som vi finn i kroppen vår blir kalla vaksne stamceller eller adulte stamceller. Kva potensial desse cellene har til å brukast i behandling er uklart, derfor blir det og forska på stamceller frå andre kjelder. Det finst og stamceller i både embryo, foster og navlestrengsblod.

Etisk omstridd

Bruk av stamceller frå embryo er etisk omstridt. Embryo er befrukta egg som har delt seg i fleire celler. Når ein brukar stamceller frå embryo, øydelegg ein nemleg embryoa som kunne blitt til eit nytt liv. Nokre forskarar ønskjer likevel å bruke desse stamcellene fordi dei meiner dei har større potensial til å kunne brukast i behandling enn stamceller frå vaksne. Det er fordi embryonale stamceller kan utvikle seg til alle celletypar.

På forskingsstadiet

Både forskarar og sjuke håpar at stamceller skal kunne brukast til behandling av sjukdomar der ein treng nye celler. Det kan for eksempel vere diabetes, Parkinsons sjukdom eller hjertesjukdom.

Men enno er bruk stamceller til behandling av menneske på forskingsstadiet.

Navlestrengsblod

Ei kjelde til stamceller er navlestrengsblod. Ved fødselen kan foreldre i dag velje å lagre navlestrengen til de nyfødde barnet. Om dei nokon gong vil få nytte av den, er uklart. Bioteknologinemnda og Sosial- og helsedirektoratet (no Helsedirektoratet) har gitt ut ein informasjonsfoldar om lagring av navlestrengsblod til nybakte foreldre.

Kjerneoverføring – terapeutisk kloning

Dersom ein erstattar cellekjernen i ei eggcelle med cellekjernen til ei celle frå ein pasient, tenkjer ein seg at det kan vere mogleg å lage stamceller som er tilpassa pasienten. Det vil seie at ein ikkje får problem med avstøyting av cellene slik ein får om pasienten får celler frå andre. Dette er eit svært etisk omstridd metode sidan teknologien ein brukar her vil vere det same som ein brukar om ein skal prøve å klone eit menneske. Forskjellen er om ein brukar det befrukta egget til å lage stamceller eller om ein set det inn i ei livmor (les meir om dette i artikkelen om reproduktiv kloning av dyr).

Terapautisk kloning Terapautisk kloning

Etiske problemstillingar

Bruk av embryonale stamceller er etiske omstridd. Her er nokre av dei etiske problemstillingane:

  • Er det riktig å bruke befrukta egg til å prøve å behandle menneske?
  • Er det riktig å bruke terapeutisk kloning sidan dette er same teknologi som kan føre til kloning av menneske?

Norsk lov

I Noreg vart forsking på befrukta egg og embryonale stamceller lov frå 1.1.2008. Det er lov å drive forsking på embryonale stamceller der målet er å framskaffe behandling for alvorleg sjukdom. Det er ikkje lov å drive med terapeutisk kloning.