Hopp til hovedinnhold

Gentesting av befrukta egg – PGD

Gentesting av befrukta egg eller preimplantasjonsdiagnostikk (PGD) som det blir kalla, kan brukast for å unngå å få barn med bestemte sjukdomar. Det kan og brukast for å få barn som kan vere donor for eit sjukt sysken.

På same måte som friske personar kan genteste seg for risiko for sjukdom (les meir om dette i artikkelen om gentesting), kan ein genteste befrukta egg. Når ein gentestar befrukta egg, kallar ein det preimplantasjonsdiagnostikk (PGD) fordi ein testar dei befrukta egga før dei blir sett inn i livmora. PGD blir brukt for å at familiar med alvorleg, arveleg sjukdom skal unngå å vidareføre sjukdomen til nye generasjonar.

Sjølve testinga

For å kunne bruke PGD, må ein bruke prøverørsbefruktning (les meir om dette i artikkel om assistert befruktning). Egga blir befrukta ved å injisere sædceller i egga (ved såkalla mikroinjeksjon eller intracytoplasmatisk spermieinjeksjon — ICSI). Når dei befrukta egga har delt seg til åtte celler, sug ein ut ei celle frå kvart egg med ei pipette. Desse cellene blir så gentesta slik at ein finn ut kva genvariant dei befrukta egga har av eit bestemt gen, for eksempel genet for Huntington sjukdom. Eit av dei befrukta egga som ikkje har genvarianten som gir sjukdom, blir så sett inn i kvinna si livmor. Resten av egga blir frosne ned til seinare bruk.

Preimplantasjonsdiagnostikk (PGD) Copyright © 1997-2007 University of Miami, All Rights Reserved Preimplantasjonsdiagnostikk (PGD) Copyright © 1997-2007 University of Miami, All Rights Reserved

Donorsysken

Det er og mogleg å bruke PGD for få barn som kan vere donorar for sjuke søsken. Då testar ein dei befrukta egg for å sjekke at dei ikkje har sjukdomsgenet. I tillegg sjekkar ein og at det komande barnet vil få same vevstype som det sjuke syskenet. Då vil nemleg det nye barnet kunne vere donor for den sjuke syskenet. Cellene som skal donerast blir tekne frå navlestrengen til det nye barnet ved fødselen. Dersom ikkje dette er nok til å kurere det sjuke syskenet, kan ein bruke beinmergstransplantasjon når det nye barnet er eitt år.

Etiske problemstillingar

Bruk av teknologi der vi testar eigenskapar til befrukta egg, reiser naturleg nok ein del etiske problemstillingar. Her er nokre:

  • Vil bruk av PGD føre til at vi tek i bruk teknologi for å velje eigenskapar og ikkje berre unngå alvorleg sjukdom når vi skal ha barn?
  • Kva sjukdomar skal vi ha lov å teste for?
  • Er det riktig å få barn som skal vere donorar for sjuke sysken?

Norsk lov

Frå 1. januar 2008 har det stått i bioteknologilova at ein kan bruke PGD ved  alvorleg, arveleg sjukdom. Det er og lov å søkje om å få lage donorsysken. Preimplantasjonsdiagnostikknemnda (PGD-nemnda) behandlar søknader om PGD og behandlinga foregår i utlandet.