Hopp til hovedinnhold

Klokka i kroppen – den indre døgnklokka vår

Kroppen vår er som ei klokke. Det skjer endringar gjennom dei 24 timane i døgnet. Denne klokka blir styrt både innanfrå og utanfrå.

døgnklokka Ill.: User:Soulkeeper, CC BY-SA 3.0

Døgnrytme

Mange prosessar i kroppen vår endrar seg gjennom døgnet, som temperaturen, konsentrasjonsevna og til og med urinproduksjonen. Lyset er viktig for denne klokka. Dersom du oppheld deg i fullstendig mørke, vil kroppen din fortsette å ha ein døgnrytme likevel. Han vil riktignok vere på litt meir enn 24 timar. Det er lyset som finjusterer døgnrytmen til 24 timar, som ei følge av jordas rotasjon om sin eigen akse. Lengda på døgnrytmen utan lyspåverknad vil variere noko frå person til person. Dei med lengst døgnrytme kallar vi B-menneske, og dei med kortast døgnrytme kallar vi A-menneske.

Klokkegen

Visste du at det sit mange klokker rundt omkring i kroppen din? Det finst nemleg spesielle klokkegen i arvematerialet vårt. Desse klokkegena gir oppskrifta på klokkeprotein. Desse proteina blir laga i cellene i eit syklisk mønster gjennom døgnet. Dei blir laga, og så skjer det ei såkalla negativ tilbakekopling som hindrar at det blir laga fleire. Klokkeproteina styrer når vi er vakne og når vi er trøtte. Dei påverkar også blant anna kroppstemperatur, puls, utskiljing av hormon, stoffskifte og blodtrykk.

Hovudsentralen

Hovudsentralen for døgnrytmen sit i ein bestemt del av hjernen, hypothalamus. Ei samling av celler her (dei suprachasmatiske kjernene, SCN, Nucleus suprachiasmaticus) blir gjerne kalla vår «biologiske klokke». SCN synkroniserer alle dei små klokkene som sit rundt i kroppen. SCN regulerer søvnen, stoffskiftet og hormonproduksjonen. Denne hovudsentralen blir blant anna påverka av lys via netthinna i auget. Det er eigne lyssensitive celler som sit i netthinna som sender signal til SCN.

Søvnregulering

SCN har reseptorar for, og blir dermed regulert av, eit viktig søvnhormon som heiter melatonin. Melatonin blir skilt ut frå ein liten kjertel i nærleiken av hypothalamus som blir kalla epifysen (eller pinealkjertelen). Når det er mørkt, blir det skilt ut meir melatonin enn når det er lyst. Melatonin gjer oss trøytte. Maksimal utskiljing av melatonin har vi rett etter midnatt, og så blir det skilt ut mindre og mindre utover natta.

Ved søvnproblem kan vi bruke lyset aktivt. Dersom du er eit utprega B-menneske som ikkje får sove før langt utpå natta, er det lurt å få dagslys så tidleg på dagen som mogleg, og ikkje ha det for lyst på kvelden. Å stirre på ein mobilskjerm fram til du skal legge deg, er for eksempel ikkje så lurt.

døgnklokka COLOURBOX8086638 Ill.: colourbox.no

Kroppstemperatur

Kroppstemperaturen er ikkje den same gjennom døgnet. Det er greit å vite det når vi sjekkar om vi har feber. Temperaturtoppen har vi på ettermiddagen, og lågast temperatur tidleg om morgonen. Temperaturen kan svinge med opptil ein grad.

Utfordringar for den indre klokka

Når vi reiser over fleire tidssoner, vil det bli eit misforhold mellom lokal tid og klokka i kroppen vår. I tillegg vil det vere eit misforhold mellom hovudsentralen, SCN, og småklokkene rundt i kroppen vår. Det vil gjerne ta nokre dagar før desse klokkene i kroppen tilpassar seg den lokale tida.

Skifte til og frå sommartid rotar også til døgnrytmen vår. Å stille klokka ein time fram eller tilbake skapar forvirring for småklokkene våre. Sjølv om vi stiller klokka, stiller ikkje vår biologiske klokke seg automatisk. Nattarbeid kan vere ei stor påkjenning for kroppen. Å vere vaken når vi eigentleg skal sove, gir kroppen utfordringar.

Naturfaglig språk

  • reseptor
    strukturar på celleoverflata til målceller som passar til bestemte stoff, som hormon
  • respons
    når eit stoff bind seg til ein reseptor, får vi ein bestemt respons
  • målcelle
    ei celle som har reseptorar som passar til eit bestemt hormon
  • tilbakekopling
    auka hormonmengde kan bremse (negativ tilbakekopling) eller auke (positiv tilbakekopling) hormonproduksjon og -utskiljing
  • homeostase
    korleis kroppen opprettheld konstante forhold i det indre miljøet (likevekt). Ordet kjem av av gresk homos, «same», og stasis, «stillstand»

Tema

Er bakgrunnsstoff for

Læringsressurs

Nettressurser