Hopp til hovedinnhold
Utstyrsbeskrivelse
Passer for
  • barnetrinn 1-2
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Småkryp i jord

Småkryp i jord

  • Utgiver: Naturfagsenteret

I jorda lever det mange småkryp. Dei lever av det dei kan finne i jorda, og mange av dei er òg med på å lage ny jord. Vi har laga eit atlas som viser hovudgruppene av vanlege småkryp som vi kan finne når vi grev i jorda.

Dei fleste småkrypa kan vi fint sjå med eigne auge. Andre treng vi lupe for å sjå og identifisere, som midd og spretthalar. Det blir sagt at det er umogleg å ta eit skritt ute i naturen utan å trø på ein spretthale. Det same gjeld midd. Dei er begge viktige nedbrytarar, det vil seie at dei bryt ned organisk materiale til jord.

I småkrypatlaset har vi delt inn småkrypa etter kor mange bein dei har. Nokre småkryp har veldig mange bein, andre har ingen. Insekt har alltid tre par bein, medan edderkoppdyr har fire par.

Skriv ut atlaset, laminer det og ta det med ut på tur:

 

Ta også med ei lupe, ein pinsett og eit lite syltetøyglas, og gjerne ein sil, så dyra kan studerast på nærmare hald.

Småkrypatlaset kan brukast på ulike trinn. På høgare trinn blir atlasa som ein introduksjon før vidare identifisering med oppslagsverk. Ein innfallsvinkel kan vere å la elevane finne representantar for flest mogleg av hovudgruppene.

Bilda til atlaset er tekne av:
Arne Fjellberg (leddspretthale)
Reidun Pommeresche (kulespretthale)
Glenn Halvor Morka (pansermidd)
Karsten Sund/© Skog og landskap (maur)
Hilde Olsen/© Skog og landskap (saksedyr, biller, vevkjerring, flått, åkersnigel, hagesnigel, meitemark)
Lars Dalen/© Skog og landskap (edderkopp, steinkrypar, jordkrypar, tusenbein, skrukketroll, leopardsnigel)
Frode Falkenberg (brunskogsnigel)

Illustrasjonar: Rim Tusvik

Småkryp i jord - førsteside

Tema

Bakgrunnsstoff