Utstyrsbeskrivelse

Passer for

  • barnetrinn 1-2
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Lauvtre

Lauvtre

  • Utgiver: Naturfagsenteret

Ei oversikt over vanlege norske lauvtre.

Dette trearket gir informasjon om 13 treslag som er vanlege i store deler av landet, men  på grunn av klima og grunnforhold finn vi ikkje alle trea overalt. I oversikta er det tatt med informasjon om kvar vi finn trea geografisk og for enkelte òg om kva som er typisk for veksestaden. Nokre tre har strenge krav til lys og næring, medan andre veks på all slag grunn. Ein innfallsvinkel kan vere kvifor vi ikkje finn eit bestemt tre der vi bur.

Oversikta gir først og fremst informasjon nok til å kunne finne ut kva for eit treslag vi ser. Mykje informasjon er derfor utelatt for at oversikta ikkje skal bli for teksttung. For nokre av trea er det viktig å kjenne på blada for å avgjere kva for eit tre det er. For eksempel er hasselblad mjuke og hårete, i motsetning til almeblad som kjennest meir som sandpapir. Blad som lett kan forvekslast er plasserte etter kvarandre.

Dei ulike kjenneteikna til blada kan vere utgangspunkt for å sortere dei. For eksempel i kategoriar som blad med eller utan hår, blad som består av småblad eller som større enkeltblad, taggete eller jamn bladkant og så vidare. Elevane kan lage sine eigne sorteringssystem der dei må studere blada nøye og bestemme kva for kategoriar dei ønsker å bruke.

Trearket er utvikla i samarbeid med Hanne Hegre Grundt. Ho har doktorgrad i botanisk systematikk frå Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. Sidan 2009 har ho drive konsulentfirmaet FlowerPower med sal av tenester innan botanikk og biologi. 

Alle teikningane er laga av Dagny Tande Lid. 

Skriv ut atlasa frå <em>Vedlegg</em> i høgre marg. Skriv ut atlasa frå Vedlegg i høgre marg.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 2. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • gjennomføre aktiviteter i nærområdet for å lære om naturen og samtale om hvorfor dette er viktig
      • gjenkjenne og beskrive noen plante- og dyrearter i nærområder og sortere dem i grupper
  • Etter 4. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • observere, registrere og beskrive endringene som skjer med et tre eller en annen flerårig plante over tid
  • Etter 7. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • planlegge og gjennomføre undersøkelser i minst ett naturområde, registrere observasjoner og systematisere resultatene
      • beskrive kjennetegn på noen plante-, sopp- og dyrearter og ordne dem systematisk
  • Etter 10. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • undersøke og registrere biotiske og abiotiske faktorer i et økosystem i nærområdet og forklare sammenhenger mellom faktorene

Læreplan i biologi - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Biologi 1
    • Den unge biologen
      • gjennomføre eit større feltarbeid og nytte biologiske metodar til å samle inn, kartleggje og utforske ulike typar organismar og leggje fram resultata frå undersøkingane
      • observere og namngje nokre vanlege artar frå ulike biotopar og samanlikne dei med omsyn til fellestrekk og variasjon ved å bruke kunnskapar frå systematikk
  • Biologi 2
    • Den unge biologen
      • planleggje og gjennomføre eit større feltarbeid med ei undersøking av biotiske og abiotiske faktorar i eit økosystem, og vurdere og presentere resultata med og utan digitale verktøy
    • Økologi
      • samle, bestemme og klassifisere ulike organismar og knyte opplysningar om levevis og tilpassingar til eit utval av organismane

Tema

Nettressurser