Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Endrar energien form?

7.19 Endrer energi form_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane snakke saman to og to om kva dei trur skjer med energien når vi skrur på ei lommelykt. Spør: Kva er energien før vi skrur på lykta? Kvar kom energien frå? Kvar er energien når vi skrur av lykta? Be elevane finne ut meir om energioverføring. Spør: Viss energi ikkje kan oppstå eller forsvinne, kvifor vil likevel lommelykta til slutt stoppe å lyse?

Forklar til elevane: Energi er eit vanskeleg omgrep å forklare, så vi brukar modellar for å forklare korleis energi får ting til å skje. Ein slik modell seier at energi endrar seg frå ei form til ei anna. Dei fleste forskarar meiner at ein betre energimodell er at energien er lagra på ulike måtar og kan bli overført frå eit lager til eit anna. Energien endrar seg ikkje, han får berre ting til å skje når han beveger seg rundt. I dette eksempelet er energien i eit kjemisk lager inni batteriet. Når lommelykta blir skrudd på, vil kjemikalia inni batteriet reagere og skape ein spenningsforskjell mellom batteripolane. Denne spenningsforskjellen dyttar ein elektrisk straum rundt i leidningen, og dette overfører energi til pæra. Pæra overfører energi til omgivnadane som lys og varme. 

Be elevane lage ei skisse over energiflyten for å vise kva som skjer med energien når vi vaskar klede eller ser på TV.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)