Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2
  • teknologi og forskningslære x og 1
  • teknologi og forskningslære 2

Kjem all energi frå sola?

7.15 Sola som energikilde_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane tenke på ei fire timars periode i livet deira. Be dei lage ei liste over alt dei brukar energi til i denne perioden (som å gå på bussen, jogge, varme opp vatn til ein dusj, bruke straum til vaskemaskinen). La to og to vise listene til kvarandre. Be dei finne ut kvar energien opprinneleg kom frå i kvart tilfelle. Spør: Korleis kan ein moldvarp som lever underjorda får energi frå sola?

Forklar til elevane: Nesten alle næringskjeder startar med ei grøn plante. Planter fangar energi frå sollyset gjennom fotosyntesen. Når vi får energi frå å spise mat, har energien i maten komme frå sola. Fossilt brensel er danna av dyre- og planterester frå organismar som levde for mange millionar år sidan. Desse organismane fekk energien sin frå sola når dei levde. Mange fornybare energikjelder får energien frå sola, for eksempel vindenergi. Sola strålar mykje energi til jorda. Denne energien blir absorbert av bakken og varmar opp lufta. Desse skapar temperaturforskjellar som igjen skapar vind. Vinden kan dreie vindturbinar og generere straum. Eit unntak er geotermisk energi der energi blir overført frå kjernereaksjonar djupt i det indre i jorda som varmar vatn som skape straum. 

Be elevane lage eit utkast til ei science fiction-forteljing om at sola er i ferd med å døy og at energimengda frå sola blir mindre. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • forklare hvordan vi kan produsere elektrisk energi fra fornybare og ikke-fornybare energikilder, og diskutere hvilke miljøeffekter som følger med ulike måter å produsere energi på
  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Energi for framtiden
      • gjøre rede for ulik bruk av biomasse som energikilde
      • gjøre rede for forskjellen mellom energikilder og energibærere og en aktuell energibærer for framtiden
  • Etter Vg1 - yrkesfaglige utdanningsprogram
    • Energi for framtiden
      • gjøre rede for ulik bruk av biomasse som energikilde
  • Etter Vg3 - påbygging til generell studiekompetanse
    • Energi for framtiden
      • gjøre rede for forskjellen mellom energikilder og energibærere og en aktuell energibærer for framtiden