Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2
  • teknologi og forskningslære x og 1
  • teknologi og forskningslære 2

Kva for farge bør ein solfangar ha?

7.14 Farge og energiabsorpsjon_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Snakk saman om det å kle seg i svart eller kvitt ein varm sommardag påverkar kor varm du føler deg. Spør: Korleis er det å sette seg inn i ein svart eller kvit bil på ein varm sommardag?  La elevane måle temperaturen i ein svart og ein kvit skoeske. Spør: Kvifor trur de at hus i varme land ofte er måla kvite?

Forklar til elevane: Fargen på ein solfangar har noko å seie, fordi svarte overflater absorberer meir lysenergi enn kvite. Grunnen til at ei svart overflate ser svart ut er at ho absorberer lysenergi i staden for å reflektere han. Når strålinga blir absorbert, aukar temperaturen. Ein svart solfangar absorberer meir av sollyset og varmar dermed opp vatnet eller væska som sirkulerer i solfangaren meir enn ein kvit solfangar som er like stor. Ein kvit solfangar reflekterer meir av sollyset. 

Sei: Forskarar er bekymra over at isen på polane smeltar på grunn av klimaendringar. Kvifor vil dette ha noko å seie? Be elevane lage ei skisse for å forklare kvifor forskarar er bekymra. 

 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • forklare hvordan vi kan produsere elektrisk energi fra fornybare og ikke-fornybare energikilder, og diskutere hvilke miljøeffekter som følger med ulike måter å produsere energi på
  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Energi for framtiden
      • gjøre forsøk med solceller, solfangere og varmepumper, forklare hovedtrekk i virkemåten og gjøre enkle beregninger av virkningsgraden
  • Etter Vg1 - yrkesfaglige utdanningsprogram
    • Energi for framtiden
      • gjøre forsøk med solceller, solfangere og varmepumper, forklare hovedtrekk i virkemåten og gjøre enkle beregninger av virkningsgraden

Materialer og utstyr

svart- og kvitmåla skoesker
termometer

Læringsressurs

Nettressurser

(ndla.no)