Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Påverkar størrelsen avkjøling?

7.10 Påvirker størrelse kjøling_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Spør: Kan de føreseie kor raskt ein stor isblokk, ein isterning og knust is vil smelte? Kvifor? Be dei inkludere energioverføring i forklaringa. Bruk tenk-par-del

Forklar til elevane: Når eit objekt blir nedkjølt, blir energi overført frå overflata ved konduksjon, konveksjon og stråling. Når overflata blir kaldare enn midten, går energi mot overflata ved konduksjon. Dette fortset til objektet har overført nok energi til å ha same temperatur som omgivnadane. Arealet til overflata innverkar på kor raskt energi går tapt. Ei større overflate gjer at energien lettare blir overført. Eit rundt objekt har mindre overflate enn eit tynt, flatt objekt med same volum, så der blir energien saktare overført. Overflate/volum-forholdet er mindre. Små potetar og potetmos har eit større overflate/volum-forhold enn større potetar, så der blir energien overført lettare og temperaturen fell raskare. Det same skjer hos dyr. Ei mus har eit større overflate/volum-forhold enn ein elefant, så ho overfører energien raskare. 

Be elevane teikne skisser for å vise problema som store og små dyr har når det gjeld energioverføring i veldig kalde og varme klima. 

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjøre forsøk og enkle beregninger med arbeid, energi og effekt

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • gjøre rede for energibegrepet og begrepene arbeid og effekt og foreta beregninger og drøfte situasjoner der mekanisk energi er bevart
      • gjengi og drøfte kvalitativt termofysikkens første og andre lov

Bakgrunnsstoff