Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Dyttar ei overflate oppover?

7.7 Dytter en overflate oppover_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane gjere eit tankeeksperiment mens dei sit på ein stol. Kva ville ha skjedd dersom stolen ikkje hadde vore der? Kan de kjenne at stolen dyttar oppover? Korleis veit stolen kor mykje kraft han skal dytte oppover med? Kva trur du skjer med atoma i stolen? Kva skjer dersom du dyttar nedover med ei kraft som er større enn stolen kan tole?

Forklar til elevane: Viss vi slepp eit objekt, fell det til bakken på grunn av gravitasjonskrafta. Viss vi heng det i ei fjør, vil det ikkje falle ned. Gravitasjonskrafta trekk det ned mot jorda med ei kraft som er lik tyngda til objektet, men nå vil fjøra halde det oppe. Det verkar ei kraft frå fjøra som drar objektet oppover og som er like stor som krafta som drar det nedover. Viss vi plasserer ein laptop på eit bord, fell han ikkje ned, fordi ei kraft frå bordet held han oppe. Dei øvste laga med atom i bordet blir litt skvisa av laptopen og bindingane mellom dei blir pressa. Bindingane verkar som små fjører som motset seg dyttinga og dyttar tilbake. Alle bindingane mellom atoma som dyttar tilbake lagar ei kraft som motverkar tyngda til laptopen. Eit tyngre objekt på bordet gjer at bindingane blir pressa meir og dyttar tilbake med større kraft, slik at krafta frå bordet motverkar tyngda til objektet. 

Be elevane teikne skisser som viser kreftene i ei trampoline når eit tungt objekt blir plassert der.