Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Verkar det krefter på sykkelen?

7.4 Er kreftene balansert_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Spør: Kva skjer dersom de syklar på flatt underlag og så stoppar å tråkke? Kva skjer viss de syklar på ulike underlag eller med flatt dekk? Kva skjer når de stoppar å tråkke i nedoverbakke? Kva for krefter er involvert? Bruk Newtons lover i forklaringa. Bruk tenk-par-del

Forklar for elevane: Krefter kan verke i ulike retningar. Viss dei verkar i same retning, legg vi saman verknadane. Og viss dei verkar i motsett retning, trekk vi frå. Like og motsette krefter kan motverke kvarandre, slik at objektet oppfører seg som om det ikkje verkar nokon krefter på det. Ein sykkel som går med konstant fart har inga samla kraft som verkar på han. Det verkar mange krefter, men det er to hovudkrefter vi må sjå på – krafta frå pedalane som dyttar sykkelen forover og friksjonskrafta (frå vegen og luftmotstanden) som dyttar bakover. Viss sykkelen går med konstant fart, må desse kreftene utlikne kvarandre. Viss dei ikke utliknar kvarandre, vil sykkelen gå fortare eller saktare. 

Spør: Korleis vil de forklare korleis kreftene som verkar på ein sykkel i konstant fart er ulike frå kreftene som verkar når sykkelen aukar eller minkar farten? Bruk tenk-par-del.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)