Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Er vekt og trykk det same?

7.2 Er vekt og trykk det samme_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Bruk ei badevekt og la ein elev sjekke kva som skjer med vekta når han står på eitt bein. Veg ein metall- eller trepinne. Plasser pinnen på to vekter. Spør: Kva trur de dei to vektene viser? Be ein elev lese av på vektene. Spør: Korleis kan dette hjelpe oss til å forstå samanhengen mellom masse, vekt og trykk? Kva trur de vil skje med trykket viss ein person har på seg stiletthæler? Bruk tenk-par-del

Forklar til elevane: Vekt er det samme som tyngde. Tyngdekrafta drar på alle objekt på grunn av massen. Vi måler vekt/tyngde og andre krefter i newton (N). Det å stå på eitt bein eller to endrar ikkje vekta/tyngden. Ei vekt måler kor mykje kraft du pressar på vekta, på grunn av tyngdekrafta. Sjølv om eininga på vekta viser kilogram, er det krafta som massen din pressar ned med som blir målt, ikkje massen din. Viss du står på to vekter, med eitt bein på kvar vekt, blir det halvparten så stor kraft på kvar vekt. Men viss du legg tala saman, ser du at massen og vekta ikkje har endra seg. Trykk seier oss i kva for grad krafta er fordelt, og vi måler trykk i newton per kvadratmeter (N/m2). Viss du står på eitt bein, så er all vekta di konsentrert på halvparten så stort areal, da blir trykket det dobbelte. 

Be elevane teikne ei skisse som viser korleis truger kan hindre deg i å synke i snøen.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • identifisere kontaktkrefter og gravitasjonskrefter som virker på legemer, tegne kraftvektorer og bruke Newtons tre lover

Materialer og utstyr

to vekter
metall- eller trepinne