Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kva er magnetiske feltlinjer

6.12 Hva er magnetiske feltlinjer_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Del ut litt jernfilspon i ein lynlåspose og to magnetar til kvart elevpar. Be dei undersøke kva for mønster dei kan sjå når dei held ein magnet nær posen med jernfilspon. La dei halde dei to magnetane nær kvarandre, og så sjå kva som skjer med jernfilsponet der dei to magnetane møter kvarandre. Spør: Korleis er magnetisme forskjellig frå friksjon? Be dei finne informasjon om andre feltkrefter.

Forklar for elevane: Det er eit usynleg magnetfelt rundt alle magnetar. Styrken til dette feltet er avhengig av avstanden frå magneten. Forskarar brukar magnetiske feltlinjer til å vise kor sterkt feltet er, men linjene ekstisterer eigentleg ikkje. Feltlinjene blir teikna nær kvarandre for å vise kvar feltet er sterkt, og langt frå kvarandre der feltet er svakt. Linjene er som høgdekurver på eit kart. Høgdekurvene viser kor høgt noko er, men finst ikkje i røynda. Den magnetiske krafta er overalt rundt ein magnet, ikkje berre der linjene er teikna. Jernfilsponar i det magnetiske feltet verkar som små magnetar. Når dei kan bevege seg, blir dei tiltrekte av andre sponar og ordnar seg som ein tråd av små magnetar, men dei følger ingen verkelege linjer.

Sei: Vi kan seie at jorda er som ein stor magnet. Be elevane teikne ei skisse som viser korleis magnetfeltet til jorda er og lage ei liste over grunnar til at dette er viktig for oss. Be dei skrive ein avisartikkel om kva som kan skje dersom dette magnetfeltet forsvinn.

Kommentarer/praktiske tips

Ha alltid jernfilspon i posane for å unngå at nokon får det i augene og skadar seg.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

Materialer og utstyr

jernfilspon
lynlåspose til kvart elevpar
to magnetar til kvart elevpar